TENESTER
TAKST
Verdi- og lånetakst
Vert nytta i forbindelse med kjøp og sal,refinansiering, samlivsbrot eller arv og skifteoppgjer. Rapporten inneheld ei enkel skildring av eigedomen basert på ein visuell gjennomgang. Takstmannen måler opp areala og vurderer marknadsverdi, teknisk verdi og tomteverdi.
Tilstandsrapport
Tilstandsrapport er ein grundig gjennomgang av den tekniske tilstanden på eigedomen. Her vert det gjeve tilstandsgrad på alle dei ulike deler av bygningen, fuktmåling
Skadetakst
Ein skadetakst blir brukt ved skade på eigedom eller bygningsdelar. Takstmannen vurderer årsak og omfang av skaden, og kartlegg kostnad for utbetring. Skaderapporten blir utført for private, forsikringsselskap og andre som har skade på eigedomen.
Reklamasjonstakst
Ein reklamasjonstakst blir brukt i forbindelse med reklamasjon ved eigarskifte, eller reklamasjonsforhold mellom forbrukar og håndverkar. Reklamasjonstakst er i prinsippet ein tilstandsrapport. Takstmannen gjer ei objektiv vurdering av forholdet det blir reklamert på, samt tilgjengeleg teknisk saksdokumentasjon.
Skjønn
Ved større skader er det vanleg å nytte skjønn som oppgjersform. Då vel den skadelidande og forsikringsselskapet kvar sin skjønnsmann som vert einige om erstatning med bindande verknad.
For meir informasjon sjå Norsk Takst
BYGGESØKNAD
At ansvarleg søkar har god kjennskap til lover, regelverk og kommunen sine saksbehandlingsprosedyrar kan vere avgjerande for ein god søknadsprosess. Hove Takst & Byggrådgiving AS kan bidra til ein smidig søknadsprosess med enklare saksbehandling for kommunen, og dermed kortare saksbehandlingstid for deg som kunde.
Som ansvarleg søkar er vi bindeleddet mellom deg og kommunen, og har mellom anna ansvaret for:
Bestilling av nødvendige dokument frå kommunen
Gjennomgang av planstatus og kontroll av søknaden
Utfylling av søknadskjema
Nabovarsling
Utarbeiding av dispensasjonssøknad
Innhenting av ansvarsrettar
Utfylling av gjennomføringsplan
BYGGRÅDGIVING
Uavhengig kontroll
Byggeleiing
Bistand ved overtaking av ny bustad
Kalkyle for ditt prosjekt
Rådgiving ved planlegging av nybygg, tilbygg, hytte, garasje, etc.